Alle kommunar i Noreg har ei legevaktordning for øyeblikkeleg helsehjelp heile døgnet. Når du ringjer 116 117 i Austevoll kjem du i kontakt med Bjørnafjorden legevaktsentral. Obs du må ringe for avtale, for legen er ikkje til stades på legevakta heile døgeret.
Er det akutt og står om liv, ring 113.
Fastlegen eller fastlegekontoret du høyrer til er din hovudkontakt inn i helsetenesta. Dersom det er mogeleg, bør du alltid ringja fastlegen først.
Når du treng legehjelp: Kven skal du ringja?
Fastlegen din i opningstida
Legevakt 116117 når fastlegen ikkje er tilgjengeleg og hjelpa ikkje kan venta
113 når det er akutt og står om liv
Fastlegen kan også gje hjelp raskt
Dersom du treng hjelp på dagtid, skal du først ringja fastlegen eller fastlegekontoret du høyrer til. Fastlegen vurderer kor mykje det hastar, og kan vanlegvis gje deg ein time same dag dersom situasjonen krev det. Du skal alltid kontakta fastlegen når det gjeld sjukemelding, fornying av resept og varige og kjende plager utan akutt forverring.
Kva kan legevakta gjera for deg
Når du ringjer det sekssifra nummeret 116 117 frå Austevoll kjem du i kontakt med legevaktsentralen vår i Bjørnafjorden. Legevakta skal tilby hjelp til det som ikkje kan vente når fastlegekontoret ditt er stengt. Legevakta skal også hjelpa deg når du ikkje er i nærleiken av fastlegen din, for eksempel på ferie eller reise. Dersom du trur det er akutt og står om liv, ringjer du medisinsk nødhjelp 113.
Legevakta i Austevoll har alltid minst ein lege på vakt. Når du brukar legevakttenester, skal du betala ein eigenandel.
Legen har ikkje tilstadesvakt på kontoret, så du må ringje legevaktsentralen for vurdering og for å gjera avtale om oppmøte. Ofte kan gode råd på telefon vera nok.
For å kunne hjelpa deg på best mogeleg måte, treng legevakta opplysingar om personalia, adresse, kvifor du tek kontakt, tidlegare sjukdommar, og kva medisin du nyttar.
Eksempel på tilstandar det kan vera fornuftig å ta kontakt med legevakta om:
Slik kjem du i kontakt med legevakta
Ring det sekssifra nummeret 116 117 eller det lokale legevaktnummeret 56570370. Begge vert svara døgnet rundt ved legevaktsentralen.
Hvis du treng å koma i kontakt med legevakta ein annan stad i landet enn der du oppheld deg, kan du bruka det lokale nummeret. Sjekk kommunen si nettside eller nummeropplysningstenestene.
Når skal du ringja 113
Ved ulukker og alvorlege hendingar der du treng akutt helsehjelp, skal du ringja 113. Har du eitt av desse symptoma skal du alltid kontakta medisinsk nødhjelp 113:
Fastlegen for det som ikkje hastar
113 når det er akutt og står om liv