Senteret sitt bannerbilde

Korleis avtala konsultasjon?

Me tar gjerne telefonen når det hastar, men ser gjerne at du tar kontakt på andre måtar viss du har tid.

Slik kjem du i kontakt med oss:

  • Denne web-sida heile døgnet
  • Appen HelseRespons heile døgnet
  • SMS til 2097 med kodeord BJERKREIM. Heile døgnet.
    Eksempel SMS: BJERKREIM 07.10.78, Ola Nordmann. Legetime onsdag.
  • Telefon til 51204330 kl 08-16
  • epost til post@bjerkreimlegekontor.nhn.no

Ikkje send sensitiv informasjon over SMS eller epost.

Endra eller sletta timeavtale?

Bruk knappen på forsida, bruk appen, send sms eller ring. Viss du sender epost - gjer det i god tid.

Timeavtalar du ikkje møter til må du betala 150 kroner for, uansett om du har frikort eller ei.

Eg har problem med å koma til legekontoret. Kan legen koma heim?

Ja.

Viss du ikkje kan koma, så kjem legen til deg. Hugs at legen ikkje kan ta med alle typar utstyr på vitjingar heim til pasienten.

Dersom du treng transport til legekontoret får du dekka transport etter reglane om pasienttransport.

Eg ønsker å fornya resept på ein fast medisin

Bruk knappen på forsiden, bruke appen eller ring sentralbordet. Viss du sender epost til post@bjerkreimlegekontor.nhn.no bør du ikkje oppgi kva medisinen heiter, men berre skriva at du ønsker å fornya alle faste medisinar.

Attestar

Enkle attestar som ikkje krevjer at du møter opp kan du få tilsend eller utferdiga utan samtidig legekonsultasjon. Du kan be om dette via app, SMS...

Dette gjeld ikkje helseattestar for førerkort etc.

Pris for konsultasjon, reseptar etc

Pris for konsultasjonar følger Normaltariffen. Dersom du har frikort eller ikkje har fylt 16 år er konsultasjonar og laboratorieprøvar gratis.

Ved mistanke om allmennsmittsom sjukdom (MRSA, kikhoste, klamydia etc) er konsultasjonen gratis. Konsultasjon pga svangerskap er gratis.

Det kan påløpa utgifter til materiell eller forsending av tilvisingar, brev etc. Dersom du ønsker medisin frå legekontoret, må du betala for dette.

Svar på spørsmål eller fornying av eReseptar pr telefon, SMS etc er gratis.

Forsending, faktura, girogebyr, betalingsterminal

Legekontoret aksepterer BankAxept (VISA) og kontantar. Me tar ikkje MasterCard eller VISA kredittkort.

Porto/ekspedisjonsgebyr er 59 kroner. Girogebyr er 55 kroner.

Viss du henter dokument på kontoret og betaler med kort eller kontantar treng du ikkje betala porto/ekspedisjon og girogebyr.