Senteret sitt bannerbilde

Korleis bestille time?

SMS (melding mobiltelefon):

  • Skriv "BOKN" + navnet ditt + fødselsdatoen din og grad av hast og sender meldinga til 2097. Ei  slik melding kan sjå sånn ut: BOKN Ola Hansen 0405190 ønsker time gjerne i neste uke.
  • Tenesta kostar kr. 6,- pr. motteken melding. Du kan sende meldingen kva tid som helst på døgnet.

Internettbestilling:

  • Du kan bestille og avbestille time her på denne heimesida.
  • Vi går gjennom nye meldingar neste arbeidsdag og sender då ut melding til deg om når du får time.

Ring legekontoret:

  • Ring opningsdagar i telefontida 08-11 og 13-14  for timeavtale.
  • Tlf 52 75 25 40.
  • Du er sjølvsagt også velkommen til å stikke innom på våre opningsdager!

Treng du tolk (døvetolk, morsmål m.v) ber vi det ta kontakt med oss i god tid slik at vi kan ordne dette.

Kvar legetime er på 20 minutt, akutttimar på 15 minutt. Dersom du trur du treng lengre tid ber vi deg bestille dobbeltime. På legekontoret prøver vi så godt råd er å halde tida og unngå at pasientar og pårørande må vente. Har du mange ting du vil ta opp med legen kan det ver at du blir bedt om ta opp nokre ting i ein eigen time seinare. Vi gjer dette av respekt for tida til alle våre pasientar og deira pårørande.  

Avbestille time, eller endre timeavtale

  • Ring oss eller send BOKN+ navnet ditt + fødselsdato med avbestillinga eller ønske om endring av time til 2097.
  • Dette må skje innan 24 timar før konsultasjonen skal finne stad, ellers må du betale for timen.
  • Du kan også avbestille timen her på denne heimesida på samme måte som du bestill time.

Sjukebesøk

  • Dersom du ikkje klarar å komme deg til legekontoret kan legen komme på sjukebesøk heim til deg.
  • Kontakt legekontoret på vanleg måte.
  • Om du ikkje får tak i lege på legekontoret ring legevakt på tlf  52 74 85 22

Korleis bestille reseptar på faste medisiner?

  • Du kan bestille fornying av faste medisiner medSMS system. Skriv BOKN +navnet ditt+ fødelsdato og kva medisiner du treng å fornye og om du vil ha dei sende til Bokn.  Send mld til 2097
  • For fornying av resepter på medisinar du ikkje brukar fast ber vi deg kontakte oss pr tlf i telefontida.
  • Ver ven og bestill resepter i god tid før du går tom for medisin.

Blodprøver

Vanlige blodprøvar:

  • Blodprøvar må takast før kl 13:00 pga postgang.
  • Nokre blodprøvar skal takast fastende. Du skal då ikkje ete noko eller drikke anna enn vatn etter midnatt.
  • Medisinar kan takast som vanleg dersom du ikkje har fått beskjed om noko anna.
  • Du bør ta fastande blodprøver tidlig på dagen før 0930.

INR-kontrollar:

  • Pasientar som måler INR på kontoret vårt må ha time hos lege dersom ikkje annet er avtalt.
  • Vi tek INR målign her på kontoret og du får med deg doseringkortet  etter måling.

Urinprøvar:

  • Urinprøve kan leverast til sjukepleiar ved mistanke om UVI (urinveisinfeksjon).
  • Du bør helst få time hos lege dersom du trur du har UVI.
  • Du bør mistenke UVI dersom du har : Svie ved vannlating, hyppig vannlating, stram/illeluktende urin.

Kva skjer med blodprøvane?

  • Dei vert sendt til Haugesund, Haukeland eller andre laboratorier som analyserar prøvane.
  • Vi får prøvesvar enten elektronisk rett inn i din journal (via Norsk Helsenett), eller i vanlig brev.
  • Lege ser gjennom alle prøvesvar. I fall det er prøvesvar som krev oppfølging vert du kontakta. Er prøvene normale vert du til vanleg ikkje kontakta. DU er velkommen til å ringe og få vete prøvesvar.

Helsekontrollar og legeattestar

  • Bestill vanleg legetime. Be om å få dobbeltime dersom du trur det vil ta lang tid.
  • Hos oss får du attester for offshore, politihøgskole m.m. Ved behov for hørselstest kan dette takast på helsestasjon.

 

Vaksinering

Generel ved vaksinering:

  • Har du vaksina sjølv kan du komme innom og få den satt. Ta kontakt med Anne Lise når du kjem. Vi held opent fra 0800 til 1530, hugs at du må sitte her i 20 min etter vaksinering ifall du skulle reagere på vaksina.
  • Manglar du resept på vaksine: Ta kontakt via SMS evt tlf.

Influensavaksine :

  • Vi sett influensavaksiner kvar haust.
  • Vi kjøp inn vaksinar til dei gruppane som er anbefalt å ta influensavaksine.
  • Dette gjeld alle over 65 år, alle med hjartesjukdom, lungesjukdom eller diabetes.
  • Det gjeld også personer med anna sjukdom som svekker immunforsvaret.
  • Influensavaksinane vert levert i oktober.
  • Personar som ikkje tilhøyrer målgruppa, men som ynskjer influensavaksine, kan få resept på influensavaksine og få sett vaksinen hos oss.

Vaksine mot lungebetennelse:

  • Denne vaksina er anbefalt til dei samme gruppane som er anbefalt influensavaksine samt til enkelte andre grupper.
  • Vaksina gjev beskyttelse i 10 år.
  • Ta dette opp med legen ifall du trur du er i i målgruppa for vaksina

Reisevaksiner :

  • I fall du treng vaksiner og råd i høve utanlandsopphold , bør du ta kontakt med fastlegen i god tid før du skal reisa