Senteret sitt bannerbilde

Førde Legesenter

Vi ynskjer å gjere kontakten med oss så enkel som råd.
Når du ringer er det viktig at du fortel legesekretærane våre kva det gjeld. Dei kan ofte hjelpe deg, og dei må også prioritere for legen.
Det er stor trafikk på sentralbordet vårt og difor av og til litt ventetid.
Du kan også bestille time og liknande via SMS. Sjå link til høgre. Treng du time på dagen må du ringe oss.

DU KAN IKKJE BRUKE SMS FOR AKUTT TIME.

Informasjon om legevakt Førde kommune


Du vil i tillegg finne ein del informasjon om legesenteret her. Elles er du velkommen til å ta kontakt på telefon dersom du ynskjer det 57 72 21 50. Vi held til i Rødekors bygget 1. og 2. etasje.

  

Frå 15. januar vert heile sjukemeldinga digital, ønskjer du å lese meir om dette kan du gå inn på www.nav.no/digitalsykmelding