Slik bestill du


Korleis bestille time?

Det er mange som ynskjer å nå oss og det kan ta litt tid å kome gjennom på telefon. Om du vil gjere det enkelt og spare tid kan du nytte vårt SMS køfrisystem. Då skriv du HERØY navnet ditt fødselsdatoen din og grad av hast og sender melding til 2097. Ei slik melding kan sjå slik ut: HERØY Ola Hansen 0405190 ynskjer time gjerne i neste veke. Du kan sende meldinga kva tid som helst på døgnet og du vil få tilbakemelding når timen er bestilt. 


Utskrift av koronasertifikat

Frå 1. juli er det endringar i testing for koronasertifikat. Treng du test til koronasertifikat, må du ta dette hos privat aktør og betale sjølv. 

Kommuna har framleis ansvar for å skrive ut koronasertifikat til dei som ikkje er digitale. Dersom du treng hjelp til utskrift av ditt koronasertifikat, ta kontakt med teststasjonen på tlf. 94 81 36 41.


Avbestille time, eller endre timeavtale?

Ring oss eller send HERØY navnet ditt og fødselsdato med avbestillinga eller ynskje om endring av time til 2097. Dette må skje innan 24 timar før konsultasjonen skal finne stad, ellers blir timen belasta.


Korleis bestille resept på fast medisin?

Du kan bestille fornying av reseptar ved å sende melding med type og dose, eller du kan ringe oss. For nye reseptar må du ha time.


Attestar og korttidssjukemelding

Til dette føremål kan videokonsultasjonar/internett-time vere eit godt alternativ. Sjå om din fastlege tilbyr dette. 


Vaksinering

Du kan få vaksiner med oss, men du treng då resept først. Ta kontakt med fastlegen din.


Bruk Helserespons app

Normalt to meldinger: bekreftelse og timeavtale.

HelseRespons Appen på App Store HelseRespons appen på Google Play

Bestill time via SMS:

Send til 2097:

HERØY fødselsdato, ditt navn, grad av hast

(Unngå sensitiv informasjon)

F.eks: HERØY 030562 Kari Normann Trenger time for konsultasjon

Normalt to meldinger - bekreftelse og timeavtale.

NB: Tjenesten kan ikke benyttes om man har reservert seg mot kortnummer