Senteret sitt bannerbilde

Korleis bestilla time?

Døme på melding kan vera:

MOSTER fødselsdato  navn, ynskjer time neste veka

 

MOSTER 01.01.01. Kalle Krank, ynskjer time neste veka

Avbestilla time, eller endre timeavtale

Ring oss eller send MOSTER fødselsdato og navnet ditt med avbestillingen eller ønske om endring av time til 2097.  Dette må skje innan 24 t før konsultasjonen skal finna stad, ellers  må timen betalast.

Korleis få legen heim til deg?

Hovudregelen er oppmøte på kontoret til legen. I spesielle tilfelle kan heimabesøk avtalast med vedkommande sin fastlege. Dette gjeld som regel planlagde besøk. Ved akutt sjukdom må ein så langt det let seg gjera komma til kontoret, evt kan ein bli henta av ambulanse dersom tilstanden tilseier det.

Korleis bestilla resepter på faste medisiner?

Du kan bestilla reseptfornying på faste medisiner over telefon eller via SMS.  Døme på SMS bestilling:

MOSTER fødselsdato  navn, og kva medisin det gjeld

MOSTER 01.01.01 Kalle Krank, Albyl-E

 

Det er no inført e-resept og medisinen kan hentast på alle Apotek i Norge.

Reseptar blir som regel ekspedert innan neste virkedag, og kan hentast på apoteket etter at ein har mottatt SMS om at resepten er klar.

Reseptar må bestillast i god tid, særleg før feriar

Attester og korttidssykemeldinger

Hovudregel er oppmøte på konsultasjon  for attestar og sjukemeldingar.

Helsekontroller

Moster Legekontor har legar som kan utføra sjømanns-attest og petroleums-attest.

Vaksinering

Ved behov for vaksinering kan ein kontakta Helsestasjonen på Bremnes. Tlf.nr. 53 42 33 30

Influensa-vaksinering vert kunngjort i Bømlo Nytt når tidpunktet for vaksineringa er klar.