Senteret sitt bannerbilde

Korleis tinge time?

Om du vil gjere det enkelt og spare tid, kan du nytte vårt SMS system. Då skriv du RADØY navnet ditt fødselsdatoen din og grad av hast og sender melding til 2097. Ei slik melding kan sjå slik ut: RADØY Ola Hansen 0405190 ønskjer time. Tenesta kostar kr. 6.- pr. motteke melding. Du kan sende melding når som helst på døgnet.

Avbestille time, eller endre timeavtale

Ring oss eller send RADØY navnet ditt og fødselsdato med avbestilling eller ønskje om endring av time til 2097. Dette må skje innan 24 timar før konsultasjonen skal finne stad, elles vert timen belasta.

Korleis tinge resept ?

Radøy legesenter har tatt i bruk e-resept. Resepten kan tingast via Helserespons, eller ved å ringe. Forespørsel om resept vert sendt over til legen, som gjer denne klar innan 2 virkedagar. Ein kan nytte alle apotek i Norge. Dersom de ønskjer medisin sendt heim eller til medisinutsalg/butikk, må dette spesifiserast.