Stranda legekontoret er i tilnærma vanleg drift, men med smitteverntiltak.
16. november 2020 kl. 10:12
- Alle skal RINGE først. Ikkje møt opp utan avtale
- For vanlege henvendelsar kan du ta kontakt på telefon 70268120 eller SMS til 2097 (STRANDA fødselsdato, ditt navn, grad av hast).
- Alle ytterdørene er låste for å unngå for mange pasientar på venterommet/fellesområdet samtidig.
- Møt presis til avtalt time!
- Ved avtale skal du vente ved døra eller sitte i bilen til avtalt kl.slett til ein medarbeidar hentar deg.
- Nokre avtalar kan bli erstatta av telefonkonsultasjon, men då får du beskjed.
- Dersom du har luftvegssymptom, ring for avtale.
Luftvegs- og feberklinikken med eigen inngang C:
- Har du feber og/eller luftvegssymptomer eller mistanke om koronasmitte, skal du ringe 70268120, koronatelefon 46411047 eller sende SMS.
- Du skal IKKJE møte opp utan avtale, men ringe på førehand.
- Møt etter avtale ved inngang C på Øynasenteret og ring telefonnummeret du får oppgitt. Du blir henta ute ved døra.
Teststasjon for koronasmitte:
- Telt på baksida av legekontorbygget
- Bestill time sjølv på C19.no eller ring 70268120/46411047
- Ikkje møt opp utan avtale
KORONATELEFON: RING 46 41 10 47 ved spørsmål og informasjon om korona.
Har du behov for akutt helsehjelp og ikkje kjem i kontakt med legekontoret, ring 116 117.
Ved livstruande sjukdom eller skade, ring 113.
Nye takstar frå 1. juli 2019
3. juli 2019 kl. 11:09
Den norske legeforeininga har gjort endringar i normaltariffen frå 1.juli 2019.
Les meir om normaltariffen på legeforeininga sine heimesider: https://beta.legeforeningen.no/jus-og-arbeidsliv/avtaler/Normaltariffen
Bestilling av pasientreiser
6. mars 2015 kl. 14:27
Lenes bussreiser tar over køyring av pasientar frå 9.mars 2015.
- Legekontoret skal kun bestille på medisinsk grunnlag.
- Dersom rutegående tilbud manglar skal pasienten ringe pasientreiser 05515 for å bestille drosje.
- Flyreiser skal bestillast via pasientreiser 05515. Pasient skal ringe i god tid før avreise, gjerne med ein gong ein får innkallinga.
- Så langt det er mogleg skal reisa bestillast innan kl.13 siste virkedag før timen (altså fredag før 13 dersom pasient skal reise mandag).
- Pasienten kan sjølv avbestille avtalt drosjetur på 05515 eller direkte med Lenes bussreiser 91001500 tast 2 . Pasientreiser har åpe kvardagar frå 08.00 -16.00.
Lenes bussreiser vil som før ringe pasienten dagen før bestillinga.
Bestill legetime via ny App
1. juli 2014 kl. 15:13
HelseRespons App lanserar denne veka ny App. Med Appen kan pasienten enklar bestille time, resept og gjere andre henvendelsar.
Søk etter HelseRespons inne på App store eller Google Play for å laste ned.
Ikkje møtt til legetime
4. februar 2014 kl. 10:00
Du må avbestille timen din seinast dagen før.
Viss du ikkje møter på ein timeavtale eller avbestiller same dag vil du få tilsendt ein faktura med ikkje møtt-gebyr i posten.
Dette gjelder også barn, gravide og dersom du har frikort.