Hopp til hovedinnhold
Senteret sitt bannerbilde

Tokke Legekontor

Viktig informasjon!

Vi arbeider for å få til ei heimeside for legekontoret som vil leggje seg under helse, omsorg og sosiale tenester på Tokke kommune si eiga heimeside, og denne heimesida https://tokkelegekontor.no/ vil etterkvart bli avslutta.

Ved øyeblikkeleg hjelp- ring

116 117 (legevakt) eller 113.

 

Kontakt legekontoret for timebestilling/andre spørsmål, klikk her

Nedst på denne sida er det vekentleg oppdatert når legane har ledig kapasitet i veka som kjem.

Skriv inn timeynskje og kva det gjeld. Meldinga må vere sendt før kl 08.00 for evt. å få time same dag. Svar kjem på sms. Her skriv du melding til legekontoret også om andre ting du ynskjer svar på. 

OBS! Me har framleis time på dagen:

Dvs du får melding om time den morgonen du ber om time, så sant legen din er her og har kapasitet.

Legen kan sette opp kontrolltimar på førehand, desse timane er på morgonen.

 

Fornye resept, klikk her Her ber du om fornying av reseptar.

 

Sjølvbooking av time, klikk her

Vi held også på å innføre sjølvbooking av time hjå fastlege Lars Håvard Eriksen. Dette vil kome på plass like etter påske.

 

E-konsultasjon med fastlegen, klikk her

Lars Håvard Eriksen har også starta å ta i bruk E-konsultasjon. Ved E-konsultasjon betalar ein vanleg konsultasjonstakst, men sender ei skriftleg melding ved å svare på ein del spørsmål, og vil i løpet av 5 dagar få eit skriftleg svar tilbake frå fastlegen. 

Viss ein ser at sjølvbooking og E-konsultasjon fungerer fint, vil dei to andre fastlegane også gi dette tilbodet på sikt.

 

Betaling:

Du kan betale for legetimen via mobilbetaling, Vipps eller faktura. Betalar du innan 48 timar, slepp du gebyr på kr 70,-. Viss du ikkje har mobil med denne funksjonen, kan du be om faktura per post utan gebyr.

Du kan og betale med kort i resepsjonen.

Viss du ikkje klarar å be om hjelp via meldingssystemet vårt, så ringjer du oss på telefon 35075560

Tokke legekontor kan ikkje tilby offshore-attestar. 



Aktuelt

14. april 2023

Ledige pasienttimar i veke 16

Det vert berre øyeblikkeleg hjelp etter lunsj tysdag 18.04

Lars Håvard Eriksen har ledige timar onsdag, torsdag og fredag

Dordi Elise Flom har ingen ledige timar 

Helsestasjon onsdag

Arne Johannesen har ledige timar måndag

Visitt onsdag

Marco Rossi har ledige timar onsdag, torsdag og fredag

Ny LIS 1- Aurora Torres har ledige timar måndag, tysdag, torsdag og fredag

Helsestasjon onsdag

Gunnar Grøstad Johnson er i permisjon til 01.05.23

 

Koronavaksinering- oppfriskingsdose

Ta kotakt med Tokke legekontor viss du ynskjer vaksine.

Informasjon om når ein fekk sist vaksinedose finn ein på helsenorge.no.

Koronavaksinering er gratis.

Koronavaksinasjonsprogrammet - FHI

 

Influensavaksine

Influensavaksinering kostar kr. 200,-.

Ta kontakt med legekontoret viss du ynskjer influensavaksine. 

Influensavaksine - FHI