Frå 01.03.13 innfører Vestnes legesenter time same dag. Dette gjer vi bl.a. for å møte krava i den nye fastlegeforskrifta. Dette innbefatter at dei fleste som tar kontakt med oss innen kl 11.30 vert tilbydde ein time same dagen hjå sin fastlege dersom fastlegen er tilstades, evt time hjå turnuslege. Enkelte dagar kan fastlege ha redusert timekapasitet på grunn av deltagelse i ansvarsgrupper / møter, men vi forsøker best mogleg  å gje timetilbud i tråd med intensjonane i ordninga.

Ved tilstander som ikkje kan vente til fastlegen er attende  får ein tilbod om time hjå ein av dei andre legane.

Vi vil anmode om at ein i størst mogleg grad bruker SMS eller internettbestilling.

Sms og nettbestilling kan gjerast 24 timer 365 dager i året. Ein kan bestille time dagen i forvegen  og såleis gjere det mogleg å planlegge litt dagen. Det er ikkje naudsynt å sende bestillinga mange dager i forvegen for å "sikre seg" time.Du vil motta ein SMS om timeavtalen/tidspunktet for konsultasjonen  i løpet av kort tid neste dag når sekretærene er på jobb .

Sjølve timebestillinga (sjå link oppe til høgre på denne sida): Som tekstmelding til 2097): Start tekstmelding med VESTNES+fødselsdato, navn og eventuell anna informasjon. Eks: VESTNES 010111 Ola Normann treng time pga senebetennelse. Det kan vere lurt å legge inn informasjon om hastegrad.

Timebestilling på internett via ikonet "bestill time på nett" på heimesida vår.

Bestillinger på telefon:

Ny telefontid: 09-1530