Frå 1. september 2015 har legevakta same telefonnummer i heile Noreg.

Legevakt-logo - BildeKlikkForStorVersjon

Frå 1. september har legevakta same nummer i heile landet. Det sekssifra nummeret 116117 (utalast: hundreogsektsten-hundreogsytten).

 

Frå då av vil du koma til legevakta der du oppheld deg uansett kvar i Norge du ringer frå. Nummeret fungerer både frå fasttelefon og mobil, og er gratis.

 

Oppgåvefordeling mellom fastlege og legevakt vert ikkje endra. Legevakta skal bare nyttast til å dekkja øyeblikkeleg hjelp som ikkje kan handterast av eigen fastlege.

 

Det gamle nummeret til legevaktsentralen vil fungere som før: 53655555

 

Det kan brukast dersom ein ynskjer å nå ei anna legevakt enn der ein oppheld seg. Dette kan være naudsynt for eksempel om ein ringjer for eit sjukt familiemedlem som oppheld seg i ein annan kommune.

 

Ring først:
Legevakta er open for telefonkontakt heile døgnet. Det er i dei fleste tilfelle best at du ringjer på førehand for å få ei vurdering av situasjonen og tilbod om relevant hjelp.

 

Når du treng legehjelp: Kven skal du ringe?

  • Fastlegen din i opningstida
  • Legevakt 116117 når fastlegen ikkje er tilgjengeleg og hjelp ikkje kan vente
  • 113 når det er akutt og står om liv.