Viktig informasjon om Koronaviruset

Aktuelt


Rauland Legekontor veke 50

13. desember 2021 kl. 07:37

Rauland Legekontor vert desverre stengd denne veka grunna sjukdom. Ta kontakt i Åmot om du treng kontakt med legekontoret. Pasientar med oppsatt time vert kontakta for å flytte/endre time. 

Med helsing

Vinje Legekontor

Jol og romjol 2021

3. desember 2021 kl. 12:07

Som tidlegare vil det verte samla drift av legetenesten i Åmot i veke 51 og 52. Rauland vil være stengd desse vekene. Kontoret i Åmot vil vera ope til kl 12 joleftan og nyttårseftan. Åpningstider ellers som vanleg.

Med helsing

Vinje Legekontor

 

Rauland Legekontor torsdag 2 desember

1. desember 2021 kl. 10:37

Rauland Legekontor vert stengd torsdag 2 desember grunna sjukdom.

Dei som er oppsatt på timar vil bli kontakta for å gjere avtale om ny time.

Med helsing

Vinje Legekontor

 

 

 

Redusert kapasitet mandag 6 desember

25. november 2021 kl. 09:08

Mandag 6 desember vil legekontora ha redusert kapasitet grunna internundervising og opplæring. Rauland Legekontor vil vera stengd fra kl 11.30

Helsing Vinje Legekontor

 

Nytt journalsystem på legekontora

8. november 2021 kl. 12:51

Me har nyleg tatt i bruk nytt journalsystem på legekontora. Det tek ein del tid å lære seg dette, og me ber om forståing for noko auka ventetid og sakshandsaming. Dei tilsette treng noko tid for å nytte seg av dette verktøyet på ein god og effektiv måte.

 

Timebestilling, resepter og andre tenester vil etterkvart bli tilgjengelige via HelseNorge.

 

På førehand takk for forståelse.

 

Med helsing

Kenneth Haugland

Avd.leiar ved legeavdelinga

Overgang til nytt journalsystem på legekontora

12. oktober 2021 kl. 09:04

Vinje Legekontor har redusert drift frå 27.10-05.11 grunna innføring av nytt pasientjournalsystem i både Vinje og Tokke Kommune. Kontoret har heilt stengd frå 27.10 kl 09.30 og heile 28.10. Rauland Legekontor vil og vere stengd 28.10.  Men desse dagane kan ein ved behov ringe Tokke Legesenter på telefon 35 07 55 60, 116117 eller 113. Noverande heimeside til legekontoret vil vere oppdatert inntil me eventuelt får ny. Det nye journalsystemet opnar opp for heilintegrasjon med https://helsenorge.no. Dette vil vera aktivt frå og med 29.10.21. Resepter frå pasienter i Tokke må ordnas i Tokke før kontoret stenger eller etter at systembyttet er gjort.

 

Helsing Legeavdelinga

 

Dr Ane Maren Martinsen

1. oktober 2021 kl. 12:44

Dr Ane Maren Martinsen startar opp att i 80 % stilling etter endt permisjon, mandag 4 oktober. Ho vil ha kurativ tid på Rauland Legekontor mandag, tirsdag og torsdag. Onsdagar vil ho ha administrasjonsdag i Åmot.

Helsing Legeavdelinga

 

Endring pasientlister frå 1 juni

28. april 2021 kl. 10:48

Frå 1 juni vil det skje ei endring på pasientlistene til legane. Det har kome på plass 1 ny legeheimel som då vil fordele lengde på pasientlistene frå 850 til 680 pr lege.

Dr Aram Isik vil tre inn i ny heimel frå 1 juni, og det vert då gjort utrekk frå Helfo frå dei andre fastleganes lister for å fylle denne. Dr Isik vil jamvel ha med seg 170 pasientar frå si gamle liste. Utrekket vert gjort automatisk av Helfo og kan ikkje påverkast av oss. Ein del pasientar vil då få ny fastlege. Ein kan som alltid velge seg til ny fastlege om ein vert berørt av endringa.

Dr Isiks tidlegare liste vil bli overatt av Dr Bayat Mohsen, som startar 1 juni. Han vil ha lista fram til me tilsett i fast stilling.

Dr Arez Anayati vil verte vikar for Dr Ane Maren Martinsen i perioden 7 juni til 1 oktober.

Helsing Legeavdelinga

Sommardrift i veke 25-32

22. april 2021 kl. 13:26

Drifta ved legekontora vil vera samla i Åmot i ferievekene 25-32 slik som tidlegare år.

 

Helsing Legeavdelinga

Åmot legekontor 22 og 23 april

13. april 2021 kl. 13:45

Torsdag 22 og fredag 23 april vert det redusert drift på legekontoret grunna ombygging av inngangsparti. Me vil kun ha øyeblikklig hjelp desse dagane, og pasienter som skal inn på legevakta møter ved ambulanseinngangen for å så å bli henta av personellet der.

Helsing Legeavdelinga

 

Nytt venterom Åmot Legekontor

9. april 2021 kl. 10:43

Frå og med 9 april tek me i bruk nytt venterom på legekontoret i Åmot. Det midlertidige vil då bli lukka, og inngangen til venterommet bli som før- rett inn til høgre mot resepsjonen.

 

Med helsing Legeavdelinga

Rauland Legekontor mai

6. april 2021 kl. 09:37

Rauland legekontor vil vere stengt inntil vidare grunna mangel på vikarlege. Ein jobbar aktivt med å finne vikar der, og eit estimat er oppstart i tidleg juni. Pasientane tilhøyrande Dr Martinsen vil bli tatt hand om av Dr Saeed Aminpour og Dr Benjamin Benzion i Åmot. Barn som må ha tilsyn på helsestasjon, ta kontakt med helsesjukepleiar for avtale. For pasientar på Rauland Omsorgsenter vil senteret ha dialog med legekontoret for oppfølging av desse.

 

Helsing Legeavdelinga

Drift legekontoret påskeveka 29-30-31 mars

22. mars 2021 kl. 15:06

I påskeveka vil legedrifta vera samla i Åmot. Vanlige opningstider mandag og tysdag. På onsdag har me ope til 12.00. Legevakta vil ha vanleg drift utanom ordinære opningstider.

Med helsing Legeavdelinga

 

Edland Legekontor 12 april

15. mars 2021 kl. 14:27

Fra og med 12 april vil me åpne kontoret på Edland. Det vil vera kurativ tid(vanlige timar) på mandager. På torsdag vil det vera halv dag på Nordheimstunet, og resten av tida vil vera i Åmot. Ein vil starte å re-etabelere kontoret med utstyr og materiell frå og med neste veke, og eit hjelpepersonell vil være i Edland saman med lege på mandager frå 12 april. Ein må pårekne til tider eit hjelpepersonell på utekontora, også på Rauland, grunna behov for personell til testing og liknande. Ein må også forvente at kontoret kan verte stengd grunna uforutsette hendingar knytt til smitteutbrot, vaksinering og andre oppgåver knytt til pandemien. Det gjeld begge utekontora. Me er i kontinuerlig dialog med vikarbyrå for å dekke opp legevakansen, og ny vikar vil dekke opp lista i Edland.

Med helsing Legeavdelinga

Rauland Legekontor 18 og 19 mars

8. mars 2021 kl. 11:21

Rauland Legekontor vil verte stengd 18 og 19 mars grunna ferieavvikling hjå lege.

 

Helsing Legeavdelinga

Vikarlege for Marius Opsahl

4. februar 2021 kl. 11:03

Hei,

 

Det er nå inne ein vikar på faslegelista til  Marius Opsahl. Han heiter Benjamin Benzion, og vil være her fram til 30 juli. Han har timar kvar dag, og ledig kapasitet.

Med helsing

Legeavdelinga

Vinterferie veke 8 og 9

27. januar 2021 kl. 08:50

I vinterferievekene 8 og 9 vil legetenesta ha drift i Åmot, og Rauland vert stengd. Dette er grunna ferieavvikling hos legane, og behov for ein samla ø-hjelpskapasitet på både leger og hjelpepersonell-

 

Med helsing Legeavdelinga

Rauland Legekontor 26 februar

20. januar 2021 kl. 10:13

Rauland Legekontor vert stengt fredag 26 februar grunna lege er fråverande denne dagen.

 

Helsing Legeavdelinga

Rauland Legekontor torsdag 14 januar

4. januar 2021 kl. 10:40

Rauland Legekontor vert stengt torsdag 14 januar, grunna lege er fråverande denne dagen.

 

Helsing Legeavdelinga

Redusere fysiske oppmøte på legekontor og legevakt

27. desember 2020 kl. 19:21

Ein må nå, i ein tidsperiode, søke å ta mest mogleg konsultasjonar på e-konsultasjon(tlf eller video). Det er høgt smittetrykk i Vinje for tida. Ein tenker difor at at ein må redusere fysisk trafikk på legekontor/legevakt då svært mange er asymptomatiske, og vil være vanskeleg å skilje ut. Ein ber difor om forståing for dette, og at ein ber om e-konsultasjon dersom ein har behov for tenester på legeontoret.

Med helsing Legeavdelinga

 

Legekontoret i Åmot 17 desember

14. desember 2020 kl. 10:49

I tidsrommet 10.30 til 11.30 torsdag 17 desember, vil det vera straumbrot grunna teknisk ombygging. Ein vil denne timen ikkje kunne ha vanlige konsultasjonar. Legevakt vil fungere som normalt.

 

Helsing Legeavdelinga

Drift på legekontor jol og nyttår 2020

1. desember 2020 kl. 13:42

Kontoret på Rauland vil verte stengd i vekene 52 og 53, og all drift vil då vera i Åmot grunna avvikling av heillagdagane. 

Kontoret stenger kl 12.00 på joleftan og kl. 12.00 på nyttårseftan

Med ynskje om ei fin førjolstid

Helsing alle i legeavdelinga

Legekontoret i Åmot 25 onsdag november

11. november 2020 kl. 11:37

Legekontoret vil vera stengd frå kl 13.00 til 15.30 onsdag 25 november grunna kurs. Øyeblikkelig hjelp og legevakt vil vera i ordinær drift.

Helsing Legeavdelinga

 

Rauland Legekontor 22 g 23 okt

14. oktober 2020 kl. 09:09

Kontoret på Rauland vil verte stengd torsdag 22 okt og fredag 23 okt grunna at lege er på kurs.

 

Med helsing Legeavdelinga

Rauland Legekontor

29. september 2020 kl. 13:06

Grunna ombygging på legekontoret i Åmot vil Dr Andriy Vorotnyak vera lokalisert på Rauland, nå også på fredager i ombyggingsperioden.

 

Helsing Legeavdelinga

Ombygging legekontoret 5 oktober

29. september 2020 kl. 13:04

Ein vil nå starte med ombygging på legekontoret i Åmot. Oppstart riving vil byrje mandag 5 oktober. Det vil medføre nokre endringar i drifta vår, men me håpar å kunne drive tilnærma som normalt. Ein vil merke at det er handverkerar i bygget, og at det til tider kan bli noko flytting av rom innad i lokalet. Lab vil bli midlertidig flyttalengre inn i avdelinga, og venterommet vil bli lokalisert rett inn til venstre for hovudinngangen. Ein vil heller ikkje ha moglegheit for røntgen i denne perioden. Me håpar dykk har forståelse for dette. Med helsing Legeavdelinga

Begrensa parkering ved legekontoret i Åmot

22. september 2020 kl. 08:15

Grunna oppstart av ombygging på legekontoret i Åmot fra og med 22 september, vil det vera noko begrensa parkering utanfor lokala. Arbeidet vil vare fram til vår/sommar 2020.

Drift legekontor Vinje haust 2020

20. august 2020 kl. 13:35

Grunna Korona-pandemien finn ein det ikkje forsvarleg å halde alle 3 legekontor åpne. Beredskapsleiinga i kommunen har komme fram til dette etter faglige råd. Bakgrunnen for dette er at ein må sikre at ein har kontinuerlig helsetilbod om helsepersonell skulle falle i frå.

Kriterie for testing og symptom har blitt utvida, og det er forventa eit større korttidsfravær enn normalt blant helsepersonell utover hausten. Det er og stor pågang i testing ved kontoret i Åmot, og ein må sikre at ein oppfyller myndigheitanes krav for dette.

Difor vil det fram mot nyttår ikkje bli halde ope på Edland Legekontor. I staden vil Dr Aram Isik reise til Nordheimstunet for oppfølging av Øvre Vinje kvar torsdag. Han vil ta hand om si pasientliste mandag og tirsdag på Rauland Legekontor, og fredag i Åmot.

Me ser på muligheten for å snu drifta fra nyttår med åpning i Edland og stenging i Rauland for retteferdig fordeling på kommunesentra.

 

Kommuneoverlege Marius Opsahl vil og til tider være ute av ordinær pasientbehandling grunna arbeid som smittevernslege.

 

Blodprøver

5. mai 2020 kl. 08:57

For dei som skal ta blodprøver på legekontora, så er tidspunktet for oppmøte fra kl 08.15 mandag-fredag. Dette for at ikkje for mange kjem samla inn i legekontora, og at ein fylgjer de nasjonale retningslinjer for smittevern.

Med helsing

Legeavdelinga i Vinje

 

Åpningstider

Vinje legekontor
Vinjevegen 212
3890 Vinje

Telefon 35 06 25 00
Ope alle kvardagar 08.00 - 15.30.


Rauland legekontor
Setali 14
3864 Rauland



Telefon 35 06 27 30
Ope måndag, tysdag og torsdag 08.00 - 15.30

Edland legekontor
Storegutvegen 72
3895 Edland

Telefon 35 06 21 40
Midlertidig stengd

Fastlegane og turnuslegen har frå 01.05.19 telefontid kvar måndag og fredag frå 08.15 - 08.45. Telefontida skal berre brukast til administrative spørsmål. Ved symptom eller plager må du tinge legetime.

Telefonane er stengde mellom kl 11.30 og 12.30. Ved behov for øyeblikkeleg hjelp ring legevakta på 116 117 eller ved akutt hjelp 113.

Kontakt oss

Vinje Legekontor


Telefon: 35062500