Betalingsterminal
Bø legesenter har inngått avtale med Convene om innkjøp og drift av betalingsterminal. Eigendelar skal betalast på denne automaten og kan gjerast som kontantbetaling, kortbetaling, SMS betaling eller utsending av faktura. Kr 10, - i gebyr ved utsending av faktura.
Betalingsterminalen tek imot alle myntvalørar samt sedlar i valørane 50, 100 og 200 kroner, den tek ikkje imot gamle sedlar. Sjølvsagt vekslar automaten. Dersom du ikkje betalar same dag, sender Convene automatisk ut ein faktura.
Terminalen kommuniserer også med HELFO slik at innbetalingar ein gjer blir automatisk registert. HELFO sender ut FRIKORT når eigendelstaket er nådd. Melding om oppnådd frikort kan me søkje opp i journalsystemet vårt.