Om oss
Bø legesenter flytta inn i Hellandvegen 10 i januar 2008, då var lokala heilt nye. Nå er me 8 fastlegar og ein turnuslege. Fastlegane har driftsavtale med kommunen, men er private næringsdrivande og organisert i eit AS. Fire av legane er kommunalt ansatt. Fem av fastlegane er spesialistar i allmennmedisin som tek fornying av spesialiteten kvart 5.år. Dei andre fastlegane er godt i gang med fyrste spesialiseringa. Det er tilsett to sjukepleiarar og fem helsesekretærar.