Hopp til hovedinnhold
Senteret sitt bannerbilde

HUDLEGE DANIELSEN

INFO HUDLEGEKONTORET VÅREN 2026.

Hudlege Synne Vie Nordahl er no byrja som vikar i 1/2 stilling. Ho arbeider kvar onsdag og torsdag. Hudlege Danielsen arbeider kvar mandg og tysdag. . Kontoret vil og  vera åpent 1 fredag kvar mnd. Begge legane  er  offentlege avtalespesialister under Helse-Vest.. Det er naudsynt med henvising frå lege.Time vert tildelt etter Helsedirektoratets prioriteringsveiledar.

Ventetid 

Me har stor pågang med henvisingar, og ventetida for uprioriterte tilstander er no ca 4 mndr. Alvorlege tilstandar, og anna som hastar vil me ta inn med kort ventetid. Grunna fulle  venteliser har me begrensa mogelegheit til å byta timar.

 

Henvisning Hudlege Danielsen driv ein offentleg spesialistpraksis under Helse Vest. Eg kan ikkje ta  imot pasientar som henvender seg direkte til kontoret.  Hud problem må takast  opp med fastlegen som i samråd med pasienten avgjer vidare tiltak, behandling eller eventuell henvisning.  Ventetida ved henvisning avheng av alvorlegheitsgrad. Eigenandelar er offentlege takstar tilsvarande det som gjeld i sjukehusa.Reiseutgifter vert dekka etter gjeeldande reglar

Timeavtale sendes på SMS,lurer du på når timen er søk på mobilen 2097

Betaling

Me har betalingsautomat. Me har og Mobilbetaling som fungerer slik at  ein får tilsendt faktura  på mobilen dagen etter konsultasjonen. Ein kan då betale gebyrfritt med Vipps, eller via nettbank ila 24t, ut over dette er det tillegg av betalingsgebyr.