Korleis bestille time?
Det er mange som ønsker å nå oss og det kan ta litt tid å kome gjennom på telefon, men frå 14.08.2023 innførar vi nye rutinar for timebestilling.
Frå denne datoen kan du bestille time ved å bruke Digital dialog, det er ein teneste mellom fastlege og pasient som gjer det mogleg med sikker kommunikasjon over internett, tenesta er gratis.
For å starte Digital dialog gjeng du inn på Helsenorge.no med BankID. Her vel du fullt samtykke for å opne Digital dialog. Om du har opna den tidlegare, må du likevel opne personverninnstillingane i nettsida for at Digital dialog skal virke.
Legekontoret legg ut ledige timar under timebestilling på Helsenorge.no, om du ikkje finn ledig time kan du sende ei forespørsel.
Om du ikkje lukkas med dette kan du nytte SMS. Då gjeng du inn på legetime til høyre i bildet, meldinga når som helst på døgnet.
Avbestille time, eller endre timeavtale
Det ser vi og helst at blir gjort på Helsenorge.no på Digital dialog. Neste alternativ er å sende SMS. Då kan du gå inn på legetime til høyre i bilde, skriv fødselsdato og navnet ditt med avbestilling eller ønske om endring av time til 2097. Dette må skje innan 24 timar før konsultasjon skal finne stad, elles blir timen belasta, eller du kan ringe.
Korleis bestille reseptar på faste medisinar?
Reseptar kan bestillas på Helsenorge.no via Digital dialog, på SMS eller telefon.
Ved bruk av SMS, gå inn på andre henvendelser, fødselsdatoen din, navnet ditt, faste medisinar som skal fornyast og sender meldinga til 2097. Meldinga kan sjå slik ut: HJARTDAL 0405190 Ola Hansen treng resept på Paracet.
Tenesta kostar kr. 6,- pr. mottatt melding. Du kan sende meldingen når som helst på døgnet.
Attestar og korttidssjukemeldingar
Når det gjeld attestar og sjukemeldingar må pasienten kome til legetime. Ring eller send SMS om du ikkje kan kome den dagen du blir sjuk eller ikkje får time same dag. For å skrive ut sjukemelding må legen ha dokumentert kontakt med pasient.
Akutt hjelp
Ved behov for akutt hjelp kan ikkje Helsenorge eller SMS nyttast fordi vi ikkje kan vere sikre på at vi fangar opp meldinane raskt nok.
Ring då telefonnummer:
116117 eller 113
Helsekontrollar/Vaksinering
Ta kontakt med helsesjukepleiar tlf. 35028059.