Julen 2024
17. desember 2024
Me er åpen 23/12 til kl: 14.00 , steng resten av veko.
Me er tilbake den 30/12 (14.00) og 31/12 (12.00)
Dersom du treng akutt hjelp ring 113 eller legevakt 116117
GOD JUL frå alle oss på helsesenteret
Vaksinering høst 2024
2. oktober 2024
Koronavaksine og influensavaksine
Kommunen får forhåpentlegvis vaksiner i veke 42, og startar då vaksineringa i veke 43.
På legekontoret vert det vaksinering 2 dagar i veke 43 frå klokka 15-18 i tillegg til vaksinering i vanleg kontortid
Du kan få influensavaksine og koronavaksine samtidig.
Born under skolealder kan få vaksinen på helsestasjonen.
Koronavaksinen er gratis for alle.
Lege i sommer
1. juli 2024
Det er ikkje lege på legekontoret i veke 28-29
Telefonen blir besvart 08.30-12.00 mandag til torsdag
Sommer 2024
4. juni 2024
Sommerferie:
Helsesekretær har ferie veke 28-29-30. I denne perioden
kan være vanskeleg og komme gjennom på tlf,
TLF tid vil være frå: 08.30-12.00
kun tatt akutte blodprøver.
Vær ute i god tid med resepter og faste blodprøver.
Psyk-helse har ferie veke 28 –29
Fysio har ferie veke 30-34
Psykolog har ferie veke 29-30-31
Helsesyster har ferie I veke 25- 30-33
God Sommer.
Vikar
2. mai 2024
Det blir vikar for Grethe Fosse neste 2 vekene.
Tor Wold kjem på mandag og blir værende til 16/05
Påske 2024
11. mars 2024
Me er åpen Mandag 25/3 - Tirsdag 26/3 og Onsdag 27/3 tlf åpen til 12.00
God påske
Jula2023
11. desember 2023
Onsdag 13/12 er kontoret stengt.
Romjula 29 og 30/12 er me her Onsdagen og Torsdagen (ikkje helsesekretær Torsdagen)
GOD JUL
Vaksinasjon 2023-24
20. oktober 2023
Modalen kommune
Influensa- og koronavaksine haust-23
Vaksinering på helsesenteret hausten 2023:
?Mandag 23. oktober 2023 klokka 10 – 17
?Torsdag 26. oktober 2023 klokka 10 –17
Du treng ikkje bestille time, berre møt opp. Du kan få influensavaksine og oppfriskingsdose med koronavaksine samtidig. Du kan og få vaksinane når du kjem til legetime. Born kan få vaksine på helsestasjonen.
Bebuarar på sjukeheim og i omsorgsbustad får tilbod om influensa- og koronavaksine der dei bur.
Du må betale kr 250 for influensavaksinen. Koronavaksinen er gratis. Om du ønsker pneumokokkvaksine kostar den kr 450.
Det blir sett opp fleire dagar med massevaksinasjon i haust/vinter. Det beste er å ta vaksinen så snart som råd.
Kven bør vaksinere seg mot influensa og korona hausten 2023?
?Alle frå fylte 65 år
?Gravide etter 12. svangerskapsveke
?Premature fødde born
?Barn og vaksne med ulike kroniske sjukdommar
?Helsepersonell og andre tilsette med pasientkontakt
?Personar som bur saman med (eller tilsvarande nære) immunsupprimerte
For meir informasjon om dei ulike vaksinane, sjå
https://www.fhi.no/ss/korona/koronavaksinasjonsprogrammet/koronavaksine/#vaksineanbefaling-for-hsten-2023
Høstferien
10. oktober 2023
Onsdag 11/10 er legekontoret stengt.
Torsdag 12/10 er det lege på huset, men seketær har fri, kan være vanskelig og komme igjennom på tlf.
Sommeren 2023
19. juni 2023
Sommeren 2023
I veke 28-29 og 30 blir telefonen open frå 08.30 til 12.00
Det er lege på kontoret Mandag til Torsdag kvar veke.
Husk og vær i forkant med resepter.
God Sommer
Fysio
13. april 2023
Njaal er forsatt sykemldt. vanskelig og spå når han vil være tilbake, beklager dette , men er de krise så har dei fysio på Vikanes.
PÅSKE 2023
4. april 2023
Onsdag 05/04 stenger me kl : 12.00
Me er ikkje på jobb igjen før 11/04.
Treng du akutt hjelp ring 113
eller legevakt 116117
God påske frå oss på helsesenteret.
Vinterferie
27. februar 2023
uke 9 (vinterferie) og veke 10 kan det være litt vanskelig og komme gjennom på tlf til legekontoret, dette pga av kurs og ferie. Kontoret er åpent.
Sommeren 2022
9. juni 2022
Legekontoret i Modalen Sommerferien 2022
Alle pasienter er oppmoda om å bestille resepter før veke 28!
Lege tilstede på legekontoret:
Veke:25 lege torsdag
Veke:26 lege tirsdag og torsdag
Veke:27 lege tirsdag og torsdag
Veke:28 lege mandag, tirsdag og torsdag
Veke:29 lege mandag, tirsdag og torsdag
Veke:30 lege mandag, tirsdag og torsdag
Veke:31 lege mandag
Veke 28, 29 og 30 har vi legevikar, og kommuneoverlege Grethe Fosse og kommunelege Kristin Hågøy er bakvakt
Veke 28, 29, 30 har legesekretær ferie,
Nb!! Bestill difor resepter før veke 28 !
Ha ein fin sommer.
Legedekning
8. november 2021
OPNINGSTIDER LEGEKONTORET MODALEN
Onsdag og Torsdag er det lege på kontoret i Modalen.Kommunen arbeider med å rekruttere ein lege til.Bestill medisiner og legetime i god tid. Det er ikkje mogeleg å få time etter nyttår før uti desember.Dersom det er akutt sjukdom, Ring : 113 eller Nordhordland Legevakt 116117
legesituasjonen! NY
19. oktober 2021
INFORMASJON LEGEKONTORET I MODALEN
Vi er inne i ein periode med særs dårleg legedekning i Modalen no.Vi er klar over at det har vore slik ei tid, og kan berre beklage dette. Rekruttering av legar er ikkje ei lett oppgåve i kommunenorge.
Fram til ny kommunelege starter andre veka i november og ei tid deretter vil legetenesta ikkje klare å handsame alle henvendingar.Kommuneoverlegen er i Modalen onsdag og torsdag, og kan i den tida berre ta hand om akutte henvendingar.Fornying av resepter må skje desse dagane, og vi ber dykk planlegge fornying av reseptar som er naudsynte.
Etter avtale med kommuneoverlegen i Vaksdal kan pasientar som er heimehøande i Vaksdal vende seg til heimkommunen om helsetenester som er naudsynte og ikkje kan vente.Kommuneoverlegen i Modalen ber om orsaking for at alle helseproblem og reseptar som ikkje er naudsynte og kan vente må vente. Samstundes minnar vi om at ein kan ringe legevakta 116117 ved akutte helseproblem.
Vi ber om forståing for situasjonen og kjem tilbake med meir informasjon i november.
Beste helsing
Grethe Fosse, spesialist samfunnsmedisinKommuneoverlege
influensavaksinasjon
7. oktober 2021
Influensavaksine. Bør du vaksinere deg?
Det vert vaksinering på legekontoret den 27. oktober for dei i riskogruppe og 28.oktober for alle andre. Me begynner kl: 09.30
Du kan og ta vaksinen på time hos legen. Kontakt legekontoret for avtale.
Omkring 1,6 million menneske i Norge har auka risiko for alvorleg influensasjukdom.
Du bør ta influensavaksine årleg om du høyrer til ei av desse gruppene:
• Bur i omsorgsbolig og sjukeheim
• Er over 65 år
• Gravide etter 12. svangerskapsveke (2. og 3. trimester). Gravide i 1. trimester med tilleggsrisiko.
• Premature barn, særleg barn født før veke 32 i svangerskapet, frå 6 måneder til 5 år
Barn og voksne med følgjande sjukdomer bør vaksinere seg:
• kronisk lungesjukdom (astma),
• hjerte- og karsjukdom (gjeld ikkje høgt blodtrykk som er godt behandla),
• diabetes type 1 og 2
• leversvikt eller nyresvikt
• kronisk nevrologisk sjukdom eller skade, spesielt om du har nedsatt lungekapasitet og/eller hostekraft
• nedsatt immunforsvar som følge av sjukdom eller behandling av sjukdom (t.d. organtransplanterte, kreft, HIV, reumatoid artritt og andre sjukdommer)
• svært alvorleg fedme (KMI over 40)
• annan alvorlig og/eller kronisk sjukdom der influensa utgjer ein alvorlig helserisiko, etter individuell vurdering av lege (t.d. personer med medfødte kromosomavvik, genetiske syndromer og samansette kromosomavvik som ikkje er klassifisert annan plass)
• I tillegg vil med råde influensavaksine til:
• Helsepersonell og andre tilsette i helse- og omsorgstenesten som har nær kontakt med pasientar i behandling eller pleie
• Personer som bur sammen med (eller er tilsvarende nære) immunsupprimerte
• Svinerøktere og andre som har regelmessig kontakt med levande griser.
Vaksinen er gratis for tilsette i kommunen, dei som hører til riskogruppene og dei med frikort.
For andre vil det koste 50kr.
legesituasjonen
6. august 2021
Legesituasjon framover Grethe Fosse har no blitt kommunelege i Modalen og har arbeidsdagar Onsdag og Torsdag. Ho har ansvar for samfunnsmedisin, beredskap og smittevern, og ho er leiar for helseeininga. Vikar for Fastlege er Arnhild Hjelmen fram til 1.oktober. Ny Fastlege byrjar 1. oktober. Måndag, Tysdag og Torsdag er ope for pasienter.
Status på vaksinering i Modalen
14. juni 2021
Vaksinering Modalen kommune.Status pr. 14.06.21: 160 personar frå Modalen kommune har fått dose 1+2. 138 personar har fått dose 1. 36 personar frå Vaksdal, med fastlege i Modalen, har fått dose 1+2. Uvaksinerte frå Vaksdal, med fastlege i Modalen, vil frå no få tilbod om vaksine i Vaksdal. Om du ikkje har høyrt noko frå Vaksdal, må du ta kontakt dit.Alle pasientar som er vurdert som risikopasientar har no fått tilbod om vaksine. Personar i gruppe 9, fødd i 1960-1970, vert no tilbydd vaksine. Det vert vaksinering ved Helsesenteret kvar veke i sommar. Det er enno uklart kor mykje vaksiner me får, men me har fått melding om at talet på vaksinedosar skal auke utover sommaren. Merk: Det er ikkje mogeleg å få utsett vaksinedosane. Så om du får tilbod om dato, må du ta denne. Det vert gjeve beskjed på telefon ca. 1 veke før vaksinasjonsdato.
legedekning ut året.
17. mars 2021
Legesituasjon framover
Me søkjer no etter ny lege i stillinga som kommuneoverlege, og håpar å ha ein god kandidat på plass her så snart som råd. Frøydis Gullbrå er no slutta. Lege Svein Gunnar Sivertsen, som har arbeidd nokre månader i Modalen, vil halde fram i kommunen eit par dagar i veka utover året.Han er på legekontoret Tirsdag og Torsdag halve dager frå 09.00
Dette vil sikre kommunen legetenester og vil vere god overlapp inntil ny lege er på plass.
psykolog
3. september 2020
Psykolog John Petter Wadseth startar i 20% stilling i Modalen frå 21.sept.
Han vil her vere kommunepsykolog, og det skal vere låg terskel for å få kontakt med han.
Me gler oss til å få ein ny fagperson å samarbeide med, og trur dette vil vere bra for innbyggjarane i kommunen!
Frøydis Gullbrå
Kommuneoverlege PhD
Modalen kommune
Mo 4
5729 Modalen