Om oss
LEGEKONTOR
Det er ein legeheimel i Modalen, kombinert fastlege- og kommunelegestilling. Vi samarbeider med andre Nordhordlandskommunar om legevakt i Knarvik. Der får innbyggjarar i Modalen hjelp når det ikkje er lege i Modalen.
Legekontoret har vanleg opningstid måndag, tysdag, onsdag og torsdag.
Sikra våre listepasientar eit tilfredsstillande allmennlegetilbod med
-god tilgjengelegheit
-akseptable ventetider for legetime
-fagleg forsvarleg kvalitet på tenesta.
Vi gjev legetenester til pasientar som har fastlege i Modalen, og naudsynt helsehjelp til andre som oppheld seg her:
- vanleg timebestilte konsultasjonar
- timar på dagen for tilstander som krev det
- akuttmedisinske konsultasjonar og utrykkingar
- planlagde sjukebesøk til eldre med kroniske eller akutte sjukdomar
- førebyggjande helsearbeid.
----------------------------------------------------------
HELSESTASJONEN
Helsesøster er i Modalen 1 dag kvar veke.
Randi Møster Aas tlf : 45 34 34 69
Målgruppa for skule- og helsestasjonstenesta er born og unge i alderen 0 - 20 år. Tenesta er lovpålagt og skal førebyggje sjukdom, fremja god fysisk og psykisk helse samt fremja gode sosiale og miljømessige forhold for barn og unge.
Helsestasjonen tilbyr:
-
Heimebesøk etter fødsel
-
Regelmessige konsultasjonar med born og deira føresette
-
Barnekonsultasjoner med lege
-
Vaksinasjon i henhold til barnevaksinasjonsprogrammet
Skulehelsetenesta tilbyr:
-
Vaksinasjon i henhold til barnevaksinasjonsprogrammet
-
Enkeltsamtalar med- og oppfølging av elevar med ulike behov
-
Helsesøster har grupper og deltar i undervisning på skulane
-------------------------------------------------------
FYSIOTERAPI
Fysioterapitenesta i Modalen kommune utgjer eit årsverk. Fysioterapeuten heldt til i Helsesenteret på Mo, og er 1 dag for veka på Modalstunet. Elles har fysioterapeuten ambulerande og stasjonær teneste for pasientar i alle aldrar
Alle skal kunne få tilbod om tenesta uavhengig av om dei bur heime eller på institusjon. Brukarane sjølv, pårørande/foreldre og samarbeidspartar kan ta kontakt.
Tenesta omfattar:
- Undersøking , funksjonsutgreiing/ vurdering.
- Individuell behandling
- Gruppetrening.
- Koordinerande eining for habilitering og rehabilitering. Vere med å setje realistiske mål for habilitering/rehabilitering saman med brukar, pårørande og samarbeidspartar. Vere med å utarbeide individuelle planar.
- Råd og rettleiing for å betre eller bevare funksjon og førebyggje sjukdom og skade
- Trening med sikte på at brukaren skal klare viktige daglege funksjonar
- Førebyggjande helsearbeid og opplæring
- Utprøving, søknad om og oppfølging i bruk av tekniske hjelpemiddel for å bevare eller betre funksjon.
- Rettleiing ved tilpassing av bustad etter funksjonstap
---------------------------------------------------
PSYKISK HELSETENESTE
Lokalt psykisk helsearbeid skal bidra til fleire friske leveår for befolkninga og redusere negative konsekvensar av rusmiddelbruk og psykiske helseproblem for den enkelte, for tredjepart og for samfunnet. Arbeidet skal bidra til å fremje meistring av eige liv. Pårørande til menneske med rusmiddelproblem eller psykiske helseproblem skal sikrast nødvendig støtte og avlasting.
Den psykiske helsetenesta i Modalen kommune har og ansvar for tenester til menneske med psykisk utviklingshemming.
Den psykiske helsetenesta utgjer til saman to årsverk. Det er tilsett personale med vidareutdanning i psykisk helsearbeid i 1,8 % av stillingane.
Mål
Den psykiske helsetenesta i Modalen kommune skal vera eit lågterskeltilbod. Dette betyr at pårørande, brukar sjølv eller andre i hjelpeapparatet er velkomne til å ta direkte kontakt. Det er ikkje naudsynt med tilvising frå lege. Terskelen for å snakke med psykiatrisk sjukepleiar skal vera like låg som å ha kontakt med helsesøster, fysioterapeut eller lege.