Korleis bestilla time på helsenorge.no?
Logg deg på helsenorge.no. Om du ikkje har registrert deg tidlegare, må du gjera dette. Velg deretter "bestill time" når du har kome inn på sida "min helse".
Kva gjeld timen?
Det er fint om du har ein oversikt over kva du vil ta opp med legen din når du kjem. Om ikkje timen strekk til for å ta opp alle problemstillingar, vil legen setje opp ein ny time, for å kunna ta hand om alle problemstillingar på ein god måte. Om du trur det trengst ekstra tid, gje beskjed ved timebestilling, så kan me setja opp dobbeltime.
Treng du time til offshoreerklæring eller 1. svangerskapskontroll, gje beskjed om dette ved timebestilling, så vil du bli sett opp til dobbeltime.