Det kan i periodar vera lange ventetider på telefon til helsesenteret. Det er mange som gjerne vil ha kontakt med oss i løpet av ein dag, og me svarar så raskt me kan.

Nedanfor finn du fleire måtar å kontakte oss på, me set pris på om du kan benytte ein av dei ved henvendingar som forklara.

 

Telefontid til legane: Du kan ringe legekontoret for å bli sett opp til ei kort samtale med legen i løpet av dagen. Legane har ulike tider og dagar for sine telefontider. Ring derfor gjerne så tidleg som råd på dagen. Som oftast utløyser dette konsultasjonstakst.

Bruk av Helsenorge:

E-melding: Kontakt legekontoret. Denne tenesta kan brukast til administrative spørsmål. Meldinga går ikkje direkte til legen og blir som oftast besvara av ein sjukepleiar/helsesekretær.

E-konsultasjon: Du kan starte ein konsultasjon/samtale med legen om ei avklara problemsttilling som ikkje treng fysisk oppmøte. Denne går rett til din fastlege og blir besvara i løpet av 5 virkedagar. Du betalar vanleg egenandel for denne tenesta. Skal IKKJE brukast til øyebleikkeleg hjelp.

Forny resept: Fornye reseptane dine på fast medisin, medisinsk utstyr og anna medisin du har reseptar på frå før. Du vil på di side på Helsenorge finne oversikt over reseptar som er gyldige til utekspedering og når dei er fornya.

Bestill time: Send forespørsel til legekontoret og be om ein time.  Kontoret opererar med 2 ulike konsultasjonslengder; korttime på 15 min og normaltime på 20 min. Skriv gjerne kva for konsultasjonstype du må ha og eit stikkord på problemstilling. Det kjem bekreftelse når timen er tildela.