Hopp til hovedinnhold
Senteret sitt bannerbilde

helsenorge.no/kontakt-fastlegen

Du kan no gratis bestilla timar, fornya reseptar og kontakta oss for praktisk informasjon via helsenorge.no. Du må der logga deg inn på "Min helse" ved å nytta BankID. Kontakt via Helsenorge.no blir fulgt opp på lik linje som ved SMS. Tenesta kan nyttast av dei fleste, og foreldre kan ta kontakt for born t.o.m. 11 år.
Born/ungdom mellom 12-16 år kan foreløpig ikkje nytta seg av denne tenesta.

https://helsenorge.no/

Nye pasientar må kontakta oss på telefon for første konsultasjon hos lege.

Dersom du har bruk for øyeblikkeleg hjelp/time samme dag, må du kontakta oss på telefon 53 40 41 40 så tidleg som råd, helst mellom kl 08.30-10.00 månd-torsd, og kl 10.00-11.00 fredagar.

HELSERESPONS

Via SMS:

Start SMS med kodeord STORD, skriv namn og fødselsdato og kva henvendinga gjeld. Send SMS til 2097.

Det kostar vanlig mobiltakst å senda SMS, men svar frå oss vert belasta deg med f.t.  kr 6,- per motteken melding, du får normalt to meldingar. (Du kan bestilla fleire reseptar og legetime mm i same melding)

Hastehenvendigar må takast per tlf.

 

Via appen Helserespons:

Last ned appen og registrer deg med rett kontor, namn og fødselsdato. Her kan du og henvenda deg på vegne av andre t.d borna. For kvar melding du mottek når du nyttar appen vert du belasta med kr 6,-.

 

Nettsida vår:

Føl menyen på framsida. For kvar melding du mottek vert du belasta med kr 6,-.

For informasjon om Helserespons kan du gå via denne linken:

https://helserespons.no/home/privatperson

 

Avbestilling av time

For avbestilling av konsultasjon, kan du ta kontakt både via helsenorge.no, SMS/Helserespons eller telefon. Avbestilling som er gjort mindre enn 24 timar før konsultasjon, blir normalt belasta med vanleg takst.

For avbestilling av time måndagar, kan ein nytta nettbasert teneste i helga.