1. oktober 2024
Årets influensavaksine er venta inn i løpet av veka 42.
Personar i risikogruppe (Risikogruppa) kan få sett vaksina her.
Ta kontakt for timebestilling!
Pris utan legetime:
Influensavaksine u/frikort: kr 284
Influensavaksine m/frikort: kr 220
Pneumokokkvaksine kan bli sett samtidig, kr 150, men denne må du ha resept på og ta med til legekontoret.
Info frå Stord kommune: Vaksinering
21. februar 2024
Helfo har sendt ut brev med informasjon til dei som hadde dr Olav Haugen som fastlege. Brevet kan vera misvisande, og mange trur dei ikkje lenger høyrer til ved Stord Legesenter.
Alle som har fått dette brevet, skal forholda seg til Stord Legesenter slik som før. Dr Waleed S Brisam er fast vikar på lista.
28. oktober 2021
Vikarlege for dr Olav Haugen fram til august 2025:
Dr Waleed Shaie Brisam.
Dr Brisam skal ha friperiodar, og andre vikarlegar kjem då i staden for han.
Minnar om at alle registrert med Dr Haugen som fastlege fortsatt har legetilbod ved Stord Legesenter.
10. september 2021
Alle som er oppført med dr Olav Haugen som fastlege, har fortsatt tilbod om lege ved Stord Legesenter. Det er vikar i hans stilling.
22. januar 2020
Stord Legesenter vil oppfordra alle til å ta i bruk Helsenorge.no for enklare kontakt med oss, og bedre oversikt over helsetenester på ein sikker og gratis måte.
Logg deg inn på helsenorge.no og gi samtykke til "Full tilgong".
Du kan då bestilla legetime, fornya reseptar, ha enkel kontakt med legekontoret, nytta deg av e-konsultasjon med meir.
Du får òg oversikt på timar/tilvisingar og journalen din i Helse Vest.
For utfyllande informasjon: https://helsenorge.no/
9. mars 2018
Me oppfordrar flest mogleg til å nytte helsenorge.no for kontakt med oss. Her loggar du deg inn med bankID. Du kan bestilla time, reseptar og ta kontakt for generelle spørsmål, samt nytta tilbudet om e-konsultasjon med din fastlækjar. Her kan du òg ha god oversikt over dine timeavtalar i spesialisthelsetenesta og reseptane dine mm.
Me har fortsatt SMS-tenesta Helserespons. Her kan du sende melding til oss. Start meldinga med kodeord "STORD", skriv så meldinga.
Du kan òg laste ned app for både Helsenorge og Helserespons.
Sjå elles utfyllande informasjon under fana "Slik bestiller du".