Hopp til hovedinnhold
Senteret sitt bannerbilde

Stord Legesenter

Velkomen til våre heimesider. Her vil du finna nyttig informasjon. Me ynskjer at det skal vera enkelt for deg å kontakta oss. Difor er det lagt til rette for timebestilling og reseptbestilling via appen Helserespons, SMS, via denne heimesida, eller via helsenorge.no (krev innlogging).

For timebestilling samme dag/øyeblikkeleg hjelp, ber me deg ta kontakt på telefon frå kl 08.30 månd-torsd, og frå kl 10.00 fredagar. Du finn informasjon om telefontider på nettsida.

Ved behov for akutt legehjelp, ring legevakt 116 117 eller 113.



Aktuelt

Påske 2024

26. mars 2024

Me stenger legekontoret onsdag 27.03.24 kl 12.00, og opnar igjen tirsdag 02.04.24 kl 08.00.

Ved behov for akutt legehjelp i påskehelga, ta kontakt med legevakta, tlf 116117.

God påske!

 

Er du tidlegare pasient av dr Olav Haugen?

21. februar 2024

Helfo har sendt ut brev med informasjon til dei som hadde dr Olav Haugen som fastlege. Brevet kan vera misvisande, og mange trur dei ikkje lenger høyrer til ved Stord Legesenter.

Alle som har fått dette brevet, skal forholda seg til Stord Legesenter slik som før. Dr Waleed S Brisam er fast vikar på lista.

Influensavaksine 2023/2024

27. september 2023

Årets influensavaksine er forventa inn i veka 43.
Personar i risikogruppa (Risikogruppe) kan få sett vaksina her. 

Ta kontakt for timebestilling!

Pris:

Influensavaksine u/frikort:  Kr 261
Influensavaksine m/frikort: Kr 200

Pneumokokkvaksine kan ein få sett samtidig (kr 150), denne må du ha resept på og ha med til legekontoret.

Info frå Stord kommune:
Vaksinering Stord kommune

INFLUENSAVAKSINE 2022/2023

10. oktober 2022

Me kan no tilby influensavaksine og pneumokokkvaksine til våre pasientar.

Pris:

Influensavaksine: Kr 259 u/frikort / Kr 200 m/frikort
Pneumokokkvaksine: kr 459 u/frikort / kr 400 m/frikort

Grunna stor pågang på telefon ønsker me helst timebestilling via helsenorge.no eller Helserespons/SMS til 2097 - kodeord STORD.

Informasjon angåande influensavaksina:
FHI - Influensavaksine

Stord kommune - influensa- og pneumokokkvaksine

Ny vikarlege ved kontoret

28. oktober 2021

Vikarlege for dr Olav Haugen i perioden nov -21 til juni -23:
Dr Waleed Shaie Brisam. 
Dr Brisam skal ha friperiodar, og andre vikarlegar kjem då i staden for han.

Minnar om at alle registrert med Dr Haugen som fastlege fortsatt har legetilbod ved Stord Legesenter.
Enkelte tenester via helsenorge.no fungerer ikkje for hans pasientar. Ta kontakt på telefon, 53 40 41 40 eller SMS 2097 (kodeord STORD).

Informasjon til Olav Haugen sine pasientar

10. september 2021

Alle som er oppført med dr Olav Haugen som fastlege, har fortsatt tilbod om lege ved Stord Legesenter. Det er vikar i hans stilling.

Tenester via helsenorge.no kan diverre ikkje nyttast som før for hans pasientar, og de må no bruka telefon eller SMS 2097/Helserespons for timebestilling, reseptfornying o.l. Tekniske problem hos helsenorge.no er årsaka til dette, og det blir ikkje ordna før ny fastlege er på plass.

Registrering for koronavaksinering

22. april 2021

Personar mellom 18 og 64 år kan no registrera seg på førehand, for å bli kontakta når det blir aktuelt med vaksinering mot koronasjukdom.

For meir info, følg lenke: https://www.stord.kommune.no/registering-for-koronavaksinering.6381825-454088.html

KVEN KAN FÅ KORONAVAKSINE?

12. januar 2021

I starten vil det ikkje vera nok koronavaksine til alle i dei anbefalte gruppene, slik at den må bli gitt til dei som treng det mest først. Du treng ikkje setja deg på "ventelista" hos oss.

Sjå lenke Stord kommune:
Stord kommune - informasjon om koronavaksinen

Sjå lenke FHI.no:
Prioriteringsrekkefølge koronavaksine

Meld frå om mistanke om koronasmitte

24. mars 2020

https://helsenorge.no/koronavirus/koronasmitte

Ved å følga lenka ovanfor, kan du sjølv registrera mistanke om symptom på koronasmitte. 

Du får ikkje kontakt med lege eller helsevesen, og du får ikkje varsla personar du har vore i nær kontakt med gjennom denne løysninga. Men du hjelper Folkehelseinstituttet med å kartlegga kor mange som kan vera sjuke med koronavirus i Noreg.

Ta koronasjekken på nett

17. mars 2020

Dette er ei side der du lett kan få meir info om eigen situasjon i forhold til risiko/ evt tiltak. Sjekk gjerne her før du kontakter legekontoret. Sida vert oppdatert kontinuerleg!

https://koronasjekk.no/check 

Les flere nyheter