Blodprøvesvar og røntgensvar
Me ynskjer å få ned talet på telefonar som omhandlar labsvar og røntgensvar. Avtal alltid med legen din korleis oppfølging av labsvar skal føregå. Om det er prøvesvar som viser teikn til sjukdom, vil du bli kontakta for vidare oppfølgjing.
For gjennomgang av røntgensvar er det som regel naudsynt å koma til oppfølgingstime. Bestill time 7-10 dagar etter undersøkjing, og bestill time når du har fått innkalling til radiologisk undersøkjing.
Pasientar med labsvar og røntgensvar som gjev mistanke om sjukdom, eller treng oppfølging, vil alltid bli kontakta om ikkje anna er avtala!