Hopp til hovedinnhold
Senteret sitt bannerbilde

Korleis bestille time?

Det er mange som ynskjer å nå oss og det kan ta litt tid å kome gjennom. Om du vil gjere det enkelt og spare tid kan du benytte vårt SMS køfrisystem. Då skriv du: VESTNES navnet ditt, fødselsdatoen din og grad av hast (ved akutt time helst litt om problemstilling) og sender meldinga til 2097. Ei slik melding kan sjå slik ut: VESTNES Ola Hansen 0405190 ynskjer time i dag pga..... Du kan sende meldinga når som helst på døgnet.

Avbestille time, eller endre timeavtale

Ring oss, eller send VESTNES navnet ditt og fødselsdato med avbestillinga eller ynskjet om endring av time til 2097. Dette må skje innan 24 timer før konsultasjonen skal finne stad, ellers blir timen belasta.

Korleis få legen heim til deg?

Tidlegare var det nok meir vanleg med heimebesøk enn det er idag. Det er likevel i enkelte tilfelle naudsynt at fastlegen reiser i sjukebesøk til kroniske sjuke som av helseårsaker ikkje kan møte til legekontoret. Vi ber om at det vert tatt kontakt med legesenteret om det skulle vere behov for eit planlagt sjukebesøk (ved øyeblikkelig hjelp - - sjå anna informasjon på hovedsiden) 

Korleis bestille reseptar på faste medisinar?

Du kan bruke SMS, skriv: VESTNES navnet ditt og fødselsdatoen din og navnet på medikamentet som du treng resept på og send meldinga til 2097.

Frå 1. oktober 2012 er det innført e-resept. Dette gjer at ein ikkje lengre treng hente papirresept på legekontoret.

Hugs å bestille ny resept i god tid før det er slutt på medisinen, spesielt før ferier og høgtider. Beroligande medisinar, sovetablettar og vanedannende medisinar kan kun verte utlevert etter konsultasjon hjå legen, unntaksvis etter avtale med fastlegen.

Attestar og korttidssjukmeldingar

Vi ynskjer som en hovedregel at du kjem til ein kortere konsultasjon ved slike behov. Dette vil også gjelde ved forlenging av sjukemeldinger. Enkelte legeattestar kan vere tidskrevjande og ein kan då ikkje alltid garantere utførelse samme dag - sjå forøvrig anna informasjon (hovedside).

 

Helsekontrollar

Mange har tilbod om bedrifthelsetjeneste gjennom arbeidsplassen. Dersom ein blir henvist frå bedriftshelsetjenesta til fastlege for oppfølgning (f.eks for blodtrykkskontroll, kolesterol mm) er det ofte ein fordel for legen om ein har med skriftleg rapport frå bedriftshelsetjenesta ved time.

Ved behov for spesielle helsekontrollar er det ofte ein fordel å ta kontakt med oss på førehand så det kan bli satt opp riktig form for time

Vaksinering

Influensavaksinering:

Kven bør vaksinerast mot sesonginfluensa?Sesonginfluensavaksine anbefalast til personar i risikogruppene:

-Personar som er 65 år eller eldre

-Bebuarar i omsorgsbolig og sjukeheim

-Voksne og born med kronisk luftvegssjukdommar, spesielt personar med nedsatt lungekapasitet

-Voksne og born med kroniske hjarte/karsjukdommar, spesielt personar med alvorleg hjartesvikt, lavt minuttvolum eller pulmonal hypertensjon

-Voksne og born med nedsatt infeksjonsresistens

Voksne og born med diabetes mellitus (både type 1 og type 2)

-Voksne og born med kronisk nyresvikt

-Voksne og born med kronisk leversvikt

-Voksne og born med kronisk, nevrologisk sjukdom eller skade

-Voksne og born med svært alvorlig fedme, dvs. kroppsmasseindeks (BMI) over 40 kg/m2

-Gravide i 2. og 3. trimester. Gravide i 1. trimester med annan tilleggsrisiko kan vurderast for vaksinasjon.

 

Vi minner om at det er dei same indikasjonane for pneumokokk ("lungebetennelse") vaksina.

Anna vaksinering: etter avtale med legekontoret.