Hopp til hovedinnhold
Senteret sitt bannerbilde

Rutiner

TIMEBESTILLING:

Sjå "Forsiden" eller "Bestillinger" på denne nettstaden. På framsida finn du også ei oversikt over kvar enkelt lege sine fraværsdagar. Legen startar arbeidsdagen med forhåndsavtalte kontrolltimar. Seinare på dagen er det timar gitt same dag. Merk at "time same dag" gis uavhengig av hastegrad eller problemstilling. Mange vil f.eks komme til blodtrykkssjekk, gynekologisk sjekk, utredningar osv. under denne ordninga.

 

VANLIG FORLØP VED BESØK VED LEGEKONTORET:

Ved ankomst sett du deg på venterommet innerst i lokalet. Det er ikkje naudsynt å melde ankomst, med mindre du er usikker på om du har kommet til riktig tidspunkt. Legen vil rope deg opp til avtalt tid (forhåpentligvis) men det kan verte forsinkelser pga. øyeblikkelig hjelp/telefoner frå sykehus mm. Dersom du har dårlig tid ifht. legetime (anna avtale i etterkant) bør du heller ta kontakt og  be om mulighet for eit anna tidspunkt for din time. Du kan bli fakturert for timer som vert kansellert med kort frist eller dersom du må gå fordi du ikkje kan vente litt ifht. timen din

Dersom du synes det blir lenge å vente kan du kontakte skrankepersonalet, som vil kunne svare på kor mykje forsinka legen evt. måtte vere. Det hender også at det er oppstått misforståelsar vedrørande dato eller tid på dagen, og av denne grunn kan enkelte bli sittjande lenge utan å bli oppropt. Inne hjå legen vil du få naudsynte resepter, sjukmeldingar, henvisningar osv., og det vil bli bestemt om du skal innom laboratoriet. I så fall vil du bli satt opp på laboratorietimelista, og ventar utanfor laboratoriet til du blir oppropt. Dersom legen finn det naudsynt med ein forhåndsavtalt kontrolltime vil du få tildelt ein slik time med skriftleg bekreftelse. Det er viktig at du passar godt på denne lappen. Siste stasjon er betalingsautomaten ute ved lukene ( Se neste punkt ). Sørg gjerne for å få bekrefta at mobiltelefonnummeret ditt er oppført i journalen, og bekrefte om det er greit at du mottar meldingar om prøvesvar osv. på SMS.

 

BETALING:

I forbindelse med legebesøk skal det betalast ein eigenandel samt nokon gangar tilleggstakstar for utstyr, forbruksmaterell, medisiner osv.. Beløpet skal du betale i betalingsautomat, enten med kontanter eller med kort. Beløpets størrelse er i hennhold til Normaltariffen for Almennpraktiserende legevirksomhet. 

I automaten taster du inn fødseldato, 6 siffer. Velg så betalingsform. Du kan betale med kort, kontant (kan ikkje benyttes 500 kr seddel el 1000 kr seddel) el få giro ( mot en mindre gebyr). Du får ei skriftleg kvittering frå automaten.

 

OPPFØLGING:

Alle pasienter blir fulgt opp av sin fastlege. Dersom du tilfeldigvis har vært hjå ein av dei andre legane ved kontoret, er hovudregelen at fastlegen følger deg opp vidare. Dersom det blir påvist svar på undersøkelsar og prøvar som har konsekvenser for vidare behandling og utredning, vil du bli kontakta av din fastlege med brev, SMS, telefon eller via kontorpersonalet. Det er derfor ikkje naudsynt å kontakte oss om prøvesvar, med mindre legen din har gitt beskjed om noko anna. Dersom du har blitt undersøkt eller utreda for ei problemstilling eller eit symptom utan at det så langt er funnet noko galt, er det viktig at du som pasient kontaktar fastlegen på nytt dersom symptomane vedvarar, forverrast eller forandrast Dette gjelder sjølv om alle prøvesvar hittil har vore normale.

 

NORMALE PRØVESVAR:

Ved normale prøvesvar informerer vi kun unntaksvis om dette.

 

REISEMEDISINSK RÅGJEVING:       Vaksinasjon - Malariaprofylakse

Skal du ut å reise og lurer på kva som er anbefalt av vaksiner til det landet du skal til?

Du fyller ut REISEVAKSINASJONSSKJEMA som du får i ekspedisjonen på legesenteret med opplysning om:

1. Dei vaksinene du har frå tidlegare (evt kopi frå skulevaksinasjonar)

2. Kva land du skal reise til

3. Kor lenge du skal vere der

4. Korleis du skal bu

5. Type reise: ferie, arbeid osv.

6. Evt tidlegare reaksjonar på vaksiner

7. Allergi mot egg?

 

Deretter må du ha ein time hos lege, som då vil vurdere kva vaksine du treng utifra dine opplysningar over.

 

FORBEDRINGSPOTENSIALE:

Vårt mål er å formidle kvalitetsmessige helsetjenester og god service til våre pasienter. Om du som pasient skulle registere nokon områder vi ikkje lykkast, ber vi deg gje oss informasjon om dette, slik at vi kan forbedre våre rutiner.