Bjerkreim Legekontor
Timebestilling på nett er stengt til 16. mars
Legekontoret tar i bruk HelseNorge for kommunikasjon med pasientar frå 16. mars. Fram til då må du bestilla legetime pr telefon 51204330 (ring mellom 09-12 og 13-15).
Legekontoret har internt kurs 16. mars
Alle tilsette har opplæringsdag 16. mars pga nytt datasystem. Det som kan venta til 17. mars, må venta.
Munnbind
Bruk munnbind på legekontoret. Ved nyoppstått sår hals, hoste, feber skal du ta hurtigtest før du kjem inn. Barn under 12 år treng ikkje bruka munnbind. Både munnbind og hurtigtest er tilgjengeleg i inngangspartiet til legekontoret.
Telefontider
Ved timebestilling, reseptfornying etc - bruk helst Helserespons-app på mobiltelefon, eller bestillingsmeny til høgre på denne web-sida.
Husk å merka uringlas etc med fullt namn og fødselsdato.
Du må ha time hjå lege dersom du trur du treng å få skylt øyrene.
Dersom du ikkje ønsker å møta på legekontoret, kan du be om eKonsultasjon pr video eller telefon. Dette koster det same som vanleg konsultasjon.
Videokonsultasjon
1) Bruk mobil, mac eller PC: gå inn på http://join.nhn.no
2) Trykk på "video" (bilete av videokamera)
3) I feltet "Search to call" skriv du bjerkreim@vm.nhn.no
4) Vent til legen starter videokonsultasjon
Alternativ til punkt 1: last ned "Pexip Infinity Connect".
Kopla deg opp 5 minutt før avtalt tid. Det kan bli noko ventetid. Unngå bakgrunnsstøy og lys bakfrå. Ha gjerne klar ei lykt viss det er noko legen skal sjå på. Videokonsultasjon kostar det same som vanleg konsultasjon. Gratis for barn, gravide og ved frikort.
E-post
post@bjerkreimlegekontor.nhn.no
NB: Ikkje send sensitiv informasjon på SMS eller epost!